KNOPPAR

Ei teaterframsyning for ungdom

Det var ein gong fem samantrykte, uutvikla blomar som blei plukka i ei eng. Det var ein skilsetjande augneblink dei hadde venta lenge på. Geitrams, Marikåpe, Engsoleie, Tiriltunge og Hundekjeks blei røska opp og klemt inn i ein kommunal neve, og tatt med inn til byen. Dei var tenkt å vera ei gåve til domkyrkja. Ho hadde nemleg fødselsdag - 900 årsfødselsdag! Men blomane ville ikkje vere berre til pynt og pryd og prakt. For å bevise at dei kunne meir enn berre å vere vakre og vene, bestemte dei seg for å koke saman ein kulturpresang. Etter å ha lest seg opp på Wikipedia om kva domkyrkjer likar og diggar, laga dei ei framsyning basert på nettopp det. Dette, tenkte dei stolte knoppane, ville heilt sikkert den gamle gråe gamlisbursdagskyrkja bli glad for.

Urpremiere: 29. september 2024

Regi: Maria Drangeid
Dramatikar: Kristin Auestad Danielsen
Knoppar: Malin Landa, Bård Bjørknes, Herman Hilde Pedersen, Fredrik Vildgren og Lars August Jørgensen
Kostymedesign: Antti Bjørn
Lysdesign: Karl Oskar Sørdal
Lyddesign: Thomas Lønning 
Produsent: Mari Rossavik

Støttes av: Norsk kulturråd, FFUK, Stavanger Kommune, Rogaland Fylkeskommune, Tou og Stavanger domkirke

Den kulturelle skolesekken, Rogaland, 2024
Den kulturelle skolesekken, Stavanger, 2024

Previous
Previous

LILLE MARIUS

Next
Next

BENKEN (forprosjekt BYFESTEN)